Årsmøte 2027
Tid og Sted
Dato: dato ikkje satt, men truleg søndag 7.mars 2027Klokkeslett: 18:00Sted: Skånevik Kultur- og Idrettshall - kafeteria 2.etgFrist for å melde inn saker: 2 veker før årsmøtet (dvs. 21.februar 2027)
Meld inn sakar så tidleg som mogleg. Dette vil gje styret betre tid til ei grundig behandling av saka i forkant av årsmøte slik at styret kan kome med gode innstillingar.
Saksliste med Vedlegg
- Her kjem saksliste og sakspapir når årsmøtet nærmar seg. Saksliste med sakspapir skal gjerast tilgjengeleg for medlemmane minimum 1 veke før årsmøtet.
Styret sine innstillingar til innkomne sakar
- Her kjem styret sine innstillingar til innkomne sakar. Målet er at innstillingane skal gjerast tilgjengeleg for medlemmane saman med sakspapira, men kan bli forsinka for komplekse sakar.
ARKIV - Gamle sakslister
Generell Info om Årsmøtet
Årsmøtet er open for alle, men kun medlemmer har talerett. For å ha stemmerett, må ein ha vært medlem av idrettslaget i minst ein månad, vere født i 2011 eller tidlegare, og ha oppfylt sine økonomiske forpliktelsar til idrettslaget.
Alle medlemmar med stemmerett kan melde saker til årsmøtet. Årsmøtet er pliktig til å behandle alle innkomne saker meldt innan fristen. Saker skal meldast ved bruk av dette skjemaet:
Mal - Forslagsskjema årsmøte - Skånevik Idrettslag (MS Word-fil (docx))
Mal - Forslagsskjema årsmøte - Skånevik Idrettslag (OpenDocument tekst-fil (odt))
Skjemaet skal underteknast av forslagstillar og leverast / sendast styreleiar (post@skaanevikidrettslag.no) i idrettslaget minimum 2 veker før årsmøtet haldast. Forslagsskjema kan signerast digitalt. Saker som kjem inn etter fristen vil ikkje behandlast i årsmøtet.
Oppgåvene til årsmøtet er:
a) godkjenne dei som har stemmerett.
b) velje dirigent(ar).
c) velje protokollførar(ar).
d) velje to medlemmer til å skrive under protokollen.
e) godkjenne forretningsordenen.
f) godkjenne innkallinga.
g) godkjenne saklista.
h) behandle årsmeldinga frå idrettslaget.
i) Behandle:
i. rekneskapen til idrettslaget.
ii. den økonomiske meldinga frå styret.
iii. eventuell melding frå kontrollutvalet.
iv. eventuell melding frå engasjert revisor.
j) behandle andre saker som kjem fram av godkjend sakliste.
k) Fastsetje:
i. medlemskontingent på minst kr 50
ii. eventuell treningsavgift, eller gi styret fullmakt til å fastsetje treningsavgifter.
l) vedta budsjettet til idrettslaget.
m) behandle organisasjonsplanen til idrettslaget.
n) velje:
i. styre med leiar, nestleiar, 3 styremedlemmer og 2 varamedlemmer.
ii. kontrollutval med leiar og 1 medlem.
iii. representantar til ting og møte i dei organisasjonsledda der idrettslaget har representasjonsrett, eller gi styret fullmakt til å utnemne representantane.
iv. valkomité med leiar, og 2 medlemmer og 1 varamedlem.
v. eventuelt andre val i samsvar med organisasjonsplanen til idrettslaget.
o) Eventuelt avgjere om det skal engasjerast revisor til å revidere rekneskapen til idrettslaget.
For meir informasjon om årsmøter i regi av idrettslag tilknytta Norges Idrettsforbund, sjå: https://www.idrettsforbundet.no/klubbguiden/drifte-et-idrettslag/organisering/arsmote-i-idrettslag/fysisk-arsmote/
