Om Skånevik Idrettslag
!!! Denne sida er under utvikling !!!
Skånevik Idrettslag blei stifta 27.november i 1935 av sokneprest Kristen Valkner, som vart idrettslagets fyrste formann. Klubben vart stifta for å samle og ta vare på alle greiner av idretten.
Før idrettslaget vart stifta hadde dei forskjellige idrettane drive for seg sjølve. Til dømes veit ein at det vart spela fotball i Skånevik Fotballklubb i åra 1919-1927, og fotballen, saman med friidrett, var ein av dei fyrste idrettane som starta opp i det nyoppstarta idrettslaget. Både fotballen og friidretten kan spores tilbake til idrettslagets oppstart.
Handball har vore spela i idrettslaget sidan 1946 med nokre få opphald opp gjennom.
I byrjinga blei fotball og handball spela på dei grasflatene som var tilgjengelege i bygda og delvis egna til slik aktivitet. Den fyrste skikkelege fotballbanen vart tatt i bruk i mai 1954 og denne vart i bruk fram til 1977. I 1979 blei ny grusbane tatt i bruk der kunstgrasbanen ligg i dag. Grasbanen med løypebanen rundt blei tatt i bruk sommaren 1984. Kunstgrasbanen vart tatt i bruk i mai 2025.
Handballen blei spela på fotballbanen fram til Skånevik Kultur- og Idrettshall vart opna i 1983 og idrettslaget kunne ta i bruk fasilitetane her.
Ski har og tradisjonelt vore ein viktig del av Skånevik Idrettslag og medlem frå Skånevik har opp gjennom hevda seg i langrenn både på lokalt og regionalt nivå, og idrettslaget har og fått nokon gode resultat på nasjonalt nivå. Grunna dei ustabile snøvintrane dei siste tiåra har langrennsaktiviten i idrettslaget begrensa seg.
Skånevik Idrettslag har i dag ca 160 aktive medlemmar som deltek i aktivitetane våre fotball, handball, klatring, trim og volleyball. I tillegg har idrettslaget ei skigruppe som driftar skiløyper i fjella ovanfor bygda vår når det er nok snø til det og ei anleggsnemnd som held kunstgrasbanen vår og Skånevik Stadion i god stand. Idrettslaget er også med og driftar Skånevik Discgolf.
Skånevik Idrettslag skal bidra til å gjere Skånevik til eit enda betre sted å bu. Me skal kjennast på å vere eit idrettslag for alle med tilhøyring til Skånevik og gje eit godt og allsidig tilbod til born, ungdom og vaksne.
Dette vil me oppnå gjennom å leve opp til våre verdiar: inkludering - meistring - glede - respekt.
Skånevik Idrettslag skal bidra til å gjere Skånevik til eit enda betre sted å bu. Me skal kjennast på å vere eit idrettslag for alle med tilhøyring til Skånevik og gje eit godt og allsidig tilbod til born, ungdom og vaksne.
Dette vil me oppnå gjennom å leve opp til våre verdiar: inkludering - meistring - glede - respekt.
1935
Skånevik Idrettslag blei stifta
ABCYYYY
ABC
ABCYYYY
ABC
ABC
